Matematikk og fysisk aktiv læring
Matematikk er eit sentralt fag for å kunne forstå mønster og samanhenger i samfunnet og naturen gjennom modelering og anvendingar. Matematikk skal bidra til at elevane utvikler evne til å jobbe sjølstendig og med andre gjennom utforsking og problemløysing (Kunnskapsdepartementet, 2019, s. 30). Det gjer faget til ein god arena for å implementere fysisk aktiv læring.
Noko av grunnen til dette er at ein kan jobbe praktisk i matematikk i den rette kontekst eller situasjon. Ein kan gå ut og måle sidene til fotballbana i staden for å måle sidene av ei fotballbane teikna i læreboka. Ein kan fylle desiliter mål med vatn og telje kor mange ein får plass til i ein liter, i staden for å fargelegge kor mykje det vert i læreboka. Kjenne, telje sider, kantar og hjørne på tredimensjonale figurar og samanlikn dei med to dimensjonale. Om ein jobbar saman i små grupper kan elevane øve seg på å bruke matematiske omgrep for å skildre det dei oppdagar.
LK20
I læreplanen skriv dei at lærarane i 1.-2. trinn skal «stimulere til lærelyst ved at elevane får utforske matematikk gjennom å bevege seg, leike, undre seg og bruke sansane», medan i 4. trinn skal lærarane «stimulere til lærelyst ved at elevane får utforske matematikk gjennom å leike, vere kreative, undre seg og samtale om matematikk». Lærarar vil naturlegvis tilnærma seg med fleire undervisningsmetodar for å utvikle elevane sin kompetanse i matematikk. Ved bruk av fysisk aktiv læring kan ein til dømes ha ein matematikktime med å organisere ein stjerneorientering. Her kan elevane bevege seg i ein skulegard full av matematikkoppgåver. Dei kan løyse ei oppgåve i sitt tempo, sjekke svaret hos læraren for så prøve å finne neste oppgåve. Ein kan og bruke fysisk aktiv læring med at elevane må bruke kroppane sine for å sanse det matematiske. Til dømes at dei arbeider med rekning med positive og negative tal. Læraren teiknar opp ei stor tallinje der elevane sjølv kan gå fram og tilbake på tallinja basert på svaret til oppgåva.
På ungdomskulen skal ein «stimulere til lærelyst ved at elevane får utforske matematikk og løyse matematiske problem gjennom å velje strategiar, vere kreative, resonnere og reflektere» . For å legge opp undervisninga på denne måten treng ein opne oppgåver, elevaktivitet og elevmedverking. Ei slik undervisningsform vil nå breitt i elevgruppa i tillegg til målformuleringane til kompetansemåla, og ein bør gjerne nytte ulike innfallsvinklar og metodar.
Kjelder:
Kunnskapsdepartementet. (2019). Læreplan i matematikk 1–10 (MAT01‑05). Fastsett som forskrift. Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020. https://www.udir.no/lk20/mat01-05/kompetansemaal-og-vurdering/kv20
Mandelid, M. B., Tjomsland, H. E., Røsseland, M., & Resaland, G. K., (2022). Fysisk aktiv læring i matematikkundervisninga. Bedre skole, 34(1), s.41-45. https://www.utdanningsnytt.no/files/2022/05/23/BedreSkole0122.pdf