Organisering av fysisk aktiv læring

I fysisk aktiv læring er ofte elevane organisert i par eller grupper slik at dei kan bli utfordra på samarbeid og kunne lære av kvarandre. Det faglege nivået til elevane i ein klasse varierer som regel i stor grad. Ved å legge til rette for samarbeid i læringsaktivitetane kan ein lage oppgåver og utfordringar på eit høgare fagleg nivå enn om elevane skulle gjennomført det individuelt. For at elevane skal oppnå godt læringsutbytte er det viktig korleis elevpara eller gruppene er samansett. Læraren som underviser i faget, kjenner elevane sitt faglege nivå, og har best forutsetning for å dele dei i par eller grupper som fremjar læring. Elevane sitt sosiale samspel spelar også ei rolle i høve inndelinga. Med gjennomtenkte faste læringspar eller grupper i ein klasse, så slepp ein å bruke tid på inndeling kvar gong ein skal gjennomføre læringsaktivitetar, samtidig som elevane kan oppleve meistring på sitt nivå.

Organisering i fargar

Ein måte å organisere grupper er i fargar. Brukar ein fargenamn på gruppene kan ein også lage undervisningsmateriell (t.d. laminerte ark og liknande) i dei same fargane som gruppene. Utstyr som terningar, ringar, ballar og kjegler kan også med fordel vere i dei same fargane. Elevane forstår fort kvar dei skal stille seg opp eller kva utstyr som er tiltenkt dei, om ein er konsekvent på bruk av fargegrupper. Tabellen under viser døme på korleis ein kan dele klassen i fire fargegrupper, par eller lag. Når klassen er organisert i to lag, blir fargegruppene splitta, som kan vere positivt med tanke på variasjon og klassemiljø. Om nokre av gruppene blir oddetal som i dømet, kan enkeltelevar frå to ulike fargegrupper bli læringspar eller dei kan vere tre.

Forrige
Forrige

Hvordan komme i gang med fysisk aktiv læring?

Neste
Neste

Matematikk og fysisk aktiv læring