Tre på rad

1.-7. trinn

Matematikk

Inne/ute

 
 

Hensikt

Ein læringsaktivitet der elevane blir utfordra på strategi, samarbeid og stress.


Beskrivelse

Ein læringsaktivitet dei fleste kjenner som bondesjakk eller tre på rad, men her i stort format og med meir bevegelse. Klubben.no har laga nokre fine plastmatter med blink på eine sida og 3 x 3 ruter på andre sida som kan brukast til denne aktiviteten.

Viss du ikkje har slike matter kan ein lage det sjølv på voksduk, tape på golvet eller krit på asfalt. Bruk 3 + 3 ulike gjenstandar som til dømes bocciabrikkene som vist på bildet (Klubben.no har desse) eller kjegler/paddehattar, krølla farga papir eller liknande. Aktiviteten kan med fordel gjennomførast av minst fire elevar der to mot to spelar mot kvarandre. Dei kan også vere fleire i kvar gruppe.

Para/gruppene stiller seg opp nokre meter frå spelområdet og skal i tur og orden springe fram og legge ned eller flytte på ein av gjenstandane til paret/gruppa. Kvar spelrunde kan til dømes vare i 2-3 minutt, og det er om å gjere å lage tre på rad så mange gonger som mogleg på den tida. Difor kan det vere lurt at 1-2 elevar får i oppgåve å telje kor mange gonger para/gruppene klarar tre på rad.

 

Variasjon

Kan også spelast som fire på rad med eit større rutenett.

Gi ulike poeng for kvar tre på rad dei klarar, som øving i gangetabellen. Avtal til dømes at dei får tre poeng for kvar tre på rad på ein spelrunde. Da må dei rekne ut poengsummen sin når tida er ute.

Utstyr

Matter med 3 x 3 ruter, tape eller krit, og 3 + 3 spelbrikker til kvart av spela.

 

Kobling til kompetansemål

  • Lage og følgje reglar og trinnvise instruksjonar i leik og spel knytte til koordinatsystemet.

  • Utforske og beskrive strukturar og mønster i leik og spel.

 

Populære læringsaktivitetar

Forrige
Forrige

Forme bokstavar

Neste
Neste

Gangekast