Forme bokstavar

1.-2. trinn

Norsk

Inne/ute

 

Hensikt

Ein læringsaktivitet der elevane blir utfordra på å forme bokstavar.

Beskrivelse

Del klassen i læringspartnarar eller grupper på 3-5 elevar. Elevane må ha tilgang på mange hoppetau eller slengtau. Målet med læringsaktiviteten er at elevane skal forme bokstavar og/eller ord med tau, slik dei ville ha skrive det for hand. Enkeltbokstavar kan lagast store men ord er enklast å lage med små bokstavar som kan henge saman (samanhengande skrift). Kan legge tauet dobbelt om det blir for langt eller bruke fleire tau om det blir for kort. Lag noko dei kan nytte som prikk over i-en og ring over å-en. Storleiken på bokstavane kan elevane prøve seg fram og finne ut av sjølve. Det er fleire måtar dei kan få oppgåver å løyse. Bruk til dømes ein bokstavterning eller ein alfabetspindel som gir dei ein bokstav eller starten på eit ord dei skal lage. Ein kan også lage bokstav-, ord- eller bildekort dei skal trekke. Lærar godkjenner bokstavane/orda før dei får ny oppgåve.

Kan vere ein fordel om dei skriv bokstaven/orda i ei bok eller på eit ark eller lita whiteboardtavle før dei skal forme det med tau.

 

Variasjon

Elevane kan ta bilde av bokstavane/orda dei lagar med pad/PC eller liknande, og til dømes jobbe vidare med det dei har laga på eit seinare tidspunkt ved å skrive setningar eller tekstar.

Dei kan bli utfordra på å sei bokstaven/orda høgt etter at dei har laga dei, og gjerne prøve å lage ein setning med bokstaven/ordet.

Utfordre elevane på å lage korte setningar med teiknsetjing. Døme: Kvar er bilen?

Utstyr

Hoppetau/slengtau, skrivesaker og noko å skrive på. Bokstavterning/alfabetspindel eller kort med bokstavar/ord eller bilde.

Hoppetau kan bli til fine bokstavar.

 

Kobling til kompetansemål

    • uttrykke tekstopplevelser gjennom lek, sang, tegning, skriving og andre kreative aktiviteter

    • leke med rim og rytme og lytte ut språklyder og stavelser i ord

    • trekke bokstavlyder sammen til ord under lesing og skriving

    • beskrive og fortelle muntlig og skriftlig

    • skrive tekster for hånd og med tastatur

    • bruke store og små bokstaver, punktum, spørsmålstegn og utropstegn i tekster og samtale om egne og andres tekster

    • utforske og samtale om oppbygningen av og betydningen til ord og uttrykk

 

Populære læringsaktivitetar

Forrige
Forrige

Find - Run - Read

Neste
Neste

Tre på rad