Reknefrisbee
Alle trinn
Matematikk
Inne/ute
Hensikt
Ein læringsaktivitet der elevene blir utfordra på koordinasjon og utrekningar.
Beskrivelse
I denne læringsaktiviteten kan elevane velge om dei vil gjennomføre aleine, parvis eller i gruppe. Still opp bærbare fribeekorger eller andre andre ting som kan fungere som mål. Det kan til dømes vere små fotballmål, rokkeringar eller store kjegler. Mål opp ønska avstandar (tilpassa nivået til elevgruppa) frå måla og merk avstandane med til dømes tusj på kjegler/paddehattar. Elevane velge sjølv kva avstand dei vil kaste frå og kan variere frå kast til kast. For kvar gang dei treff målet kan dei legge det til poengsummen sin eller multiplisere det med eit visst tal. Frisbeeane kan til dømes også merkast med tal, som da kan multipliserast med avstanden. Det fins mange ulike variantar av denne læringsaktiviteten. Gi elevane noko å notere og rekne på, ark, kladdebøker eller små whiteboard. Aktiviteten kan leggast opp som ein konkurranse fungerer også fint utan. Anbefalar at dei hentar frisbeeane på same tid, slik at dei ikkje treff kvarandre.
Variasjon
Eldre elevar som treng større faglege utfordringar kan bruke statistikk, prosentrekning, brøk eller rekning med sannsyn. Kor ofte treff ein frå dei ulike avstandane?
Utstyr
Frisbeear (gjerne klassesett), frisbeekorger eller andre typar mål. Kjegler, paddehattar eller pinnar til å markere dei ulike avstandane. Whiteboard, ark eller PC/pad til å notere/rekne på.
Kobling til kompetansemål
-
utvikle og bruke formålstenlege strategiar for subtraksjon i praktiske situasjonar
utforske og forklare samanhengar mellom addisjon og subtraksjon og bruke det i hovudrekning og problemløysing
utforske multiplikasjon ved teljing
eksperimentere med multiplikasjon og divisjon i kvardagssituasjonar
representere multiplikasjon på ulike måtar og omsetje mellom dei ulike representasjonane
-
utforske og forklare samanhengar mellom dei fire rekneartane og bruke samanhengane formålstenleg i utrekningar
modellere situasjonar frå sin eigen kvardag og forklare tenkjemåtane sine
lage rekneuttrykk til praktiske situasjonar og finne praktiske situasjonar som passar til oppgitte rekneuttrykk
-
diskutere tilfeldigheit og sannsyn i spel og praktiske situasjonar og knyte det til brøk
-
utvikle og bruke formålstenlege strategiar i rekning med brøk, desimaltal og prosent og forklare tenkjemåtane sine
representere og bruke brøk, desimaltal og prosent på ulike måtar og utforske dei matematiske samanhengane mellom desse representasjonsformene
logge, sortere, presentere og lese data i tabellar og diagram og grunngi valet av framstilling
-
utvikle og kommunisere strategiar for hovudrekning i utrekningar
lage og forklare rekneuttrykk med tal, variablar og konstantar knytte til praktiske situasjonar
lage, løyse og forklare likningar knytte til praktiske situasjonar
utforske, forklare og samanlikne funksjonar knytte til praktiske situasjonar
-
berekne og vurdere sannsyn i statistikk og spel