Tankekart

Alle trinn

Generell

Inne/ute

 
 

Hensikt

Ein læringsaktivitet der elevane blir utfordra på samarbeid om å lage felles tankekart.

Beskrivelse

Del klassen i grupper på 3-6 elevar. Kvar gruppe skal samarbeide om å lage eit tankekart med utgangspunkt i eit stikkord eller tema som gjerne læraren bestemmer. Tankekartet kan lagast på eit A3 ark, whiteboardtavle, ark frå papirrull på golvet eller liknande. Skriv eit ord i ein sirkel på kvar gruppe sitt tankekart. Gruppene kan jobbe med utgangspunkt i same ord, ulike tema eller ulike ord innanfor same tema. Plasser tankekartet eit stykke unna der gruppa er samla. Ein elev i gongen frå kvar gruppe får bevege seg fram til tankekartet og skrive på nye ord eller små setningar som har med temaet å gjere. Val av tema kan vere noko klassen har jobba med ein periode eller det kan vere om eit heilt nytt tema for å finne ut kva dei kan om eit tema frå før. Etter kvart som elevane kjem tilbake frå tankekartet vil dei dele med resten av gruppa og det kan bli interessante diskusjonar kring tema og samarbeid om korleis dei skal utvide tankekartet. Til slutt kan kvar gruppe få presentere tankekartet sitt for resten av klassen.

 

Variasjon

Kan legge til eit konkurranseelement og utfordre gruppene på kven som lagar det største tankekartet (flest ord).

Det er også mogleg å lage tankekart digitalt på ein PC per gruppe.

Premiering (gulrot) til alle grupper som klarar meir enn 10 ord/20 ord?

Gruppene kan byte tankekart etter ei viss tid, og må halde fram med å utvide tankekartet til ei anna gruppe. Om ein byter fleire gonger så blir tankekarta eit felles prosjekt for klassen.

Utstyr

Ark, skrivesaker, ev. whiteboard, papirrull eller PC.

Skru opp whiteboard på veggen ute i skulegarden.
 

Kobling til kompetansemål

 

Populære læringsaktivitetar

Forrige
Forrige

Lag bokstaven

Neste
Neste

Reknefrisbee