Lag bokstaven
1.-4. trinn
Norsk
Inne/ute
Hensikt
Ein læringsaktivitet der elevane blir utfordra på å forme bokstavar med kroppen.
Beskrivelse
Del inn klassen i grupper på 3-6 elevar. Halve gruppa trekker ein bokstav frå ein kasse/bøtte/pose slik at dei ikkje ser kva bokstav dei får, Bruk til dømes bokstaverteposar, laminerte bokstavar eller scrabblebrikker. Dei tar med seg bokstaven tilbake til gruppa men viser den ikkje. For at dei skal få behalde bokstaven må dei forme den ved hjelp av kroppane sine og den andre delen av gruppa får tre forsøk til å tippe kva bokstav dei viser. Så byter dei rolle og gjer det same på nytt. La dei halde på til dei har fått samla minst 10 bokstavar. Så kan du utfordre dei på å lage ulike ord med desse bokstavane. Dei kan skrive ned orda etter kvart som lagar ulike variantar. Når dei ikkje klarar å lage fleire ord, så er det ny runde med å hente bokstavar.
Variasjon
Kan også lage ord som startar på dei ulike bokstavane dei har henta eller har den bokstaven i seg.
Gi poeng for kvar bokstav dei har i orda viss ein vil legge inn eit konkurranseelement.
Utstyr
Samling med bokstavar i ei eller anna form. Noko å skrive på og med.
Kobling til kompetansemål
-
trekke bokstavlyder sammen til ord under lesing og skriving
lytte, ta ordet etter tur og begrunne egne meninger i samtaler
beskrive og fortelle muntlig og skriftlig
-
utforske og formidle tekster gjennom samtale, skriving, lek, bevegelse og andre kreative uttrykk
beskrive, fortelle og argumentere muntlig og skriftlig og bruke språket på kreative måter
utforske forskjeller og likheter mellom skriving på hovudmål og sidemål