Rekneringar
1.-7. trinn
Matematikk
Inne/ute
Hensikt
Ein læringsaktivitet der elevene blir utfordra på hovudrekning i dei fire rekneartane.
Beskrivelse
Elevane kan samarbeide i par eller grupper 3-5 elevar. Legg mange ringar (rokkeringar eller liknande) utover eit område, gjerne i ein bakke. Del ut frisbeear og noko dei kan notere på. Læringsaktiviteten går ut på at dei kastar frisbee og forsøker å få den til å legge seg i eller oppå ringane. Fargen på ringane kan ha ulike verdiar tilpassa læringsmålet for økta. Kan også merke ringane med tape og skrive på verdien. Kvar gruppe kan til dømes kaste 2-3 frisbeear, og rekne ut summen dei får etter kvart. Dersom frisbeen landar slik at den ligg over fleire ringar, så får dei verdien til alle ringane. Kan bestemme at viss frisbeen ikkje treff nokon av ringane så må dei trekke frå visst mange poeng.
Variasjon
Om du vil legge inn eit konkurranseelement, kan du til dømes bestemme ein sum dei skal prøve å oppnå.
Multiplikasjon: Gi til dømes frisbeen ein verdi (enten etter farge på frisbeen eller nr. på kast). Så multipliserer dei verdien til frisbeen med ringen(ringane) den treff eller om dei bommar.
Subtraksjon: Alle kan til dømes starte på eit høgt tal, og så skal dei trekke i frå verdien til dei ulike ringane og jobbe seg ned mot 0.
Divisjon: Bestemme verdi på kvar firsbee dei kastar (gjerne svar frå gangetabellen) og så skal dei dele på verdien til ringen den landar på eller om det blir bom. Hjelp dei å velge tal som dei klarar å rekne ut i hovudet, eller dei kan stille opp og rekne ut dersom dei klarer det.
Utstyr
Mange ringar og frisbeear. Noko å notere på (ark/bok eller små whiteboard).
Kobling til kompetansemål
-
utvikle og bruke formålstenlege strategiar for subtraksjon i praktiske situasjonar
utforske og forklare samanhengar mellom addisjon og subtraksjon og bruke det i hovudrekning og problemløysing
utforske multiplikasjon ved teljing
eksperimentere med multiplikasjon og divisjon i kvardagssituasjonar
representere multiplikasjon på ulike måtar og omsetje mellom dei ulike representasjonane
-
representere divisjon på ulike måtar og omsetje mellom dei ulike representasjonane
utforske, bruke og beskrive ulike divisjonsstrategiar
utforske og forklare samanhengar mellom dei fire rekneartane og bruke samanhengane formålstenleg i utrekningar
modellere situasjonar frå sin eigen kvardag og forklare tenkjemåtane sine
lage rekneuttrykk til praktiske situasjonar og finne praktiske situasjonar som passar til oppgitte rekneuttrykk
-
utforske negative tal i praktiske situasjonar
bruke tal linje i rekning med positive og negative tal
bruke samansette rekneuttrykk til å beskrive og utføre utrekningar