Papirfly

1.-10. trinn

Naturfag

Inne/ute

 
 

Hensikt

Ein læringsaktivitet der elevene blir utfordra på å lage papirfly som flyr lengst mogleg

Beskrivelse

Del elevane inn i par eller små grupper. Forklar og vis korleis ein kan lage ulike typar papirfly. Bestem kor lang tid dei får til å lage papirflyet (10-15 min) og la dei få øve litt på kasting før dei skal dei skal prøve seg på lengst mogleg kast. Kvart par eller gruppe skal no skrive ned kor langt dei trur dei klarar å kaste papirflyet og merke flyet sitt med farge eller namn. Marker med ei kjegle eller liknande kvar dei skal kaste i frå. Dette kan gjennomførast inne eller ute. Inne, så treng du ein lang gang, gymsal eller idrettshall. Om det er mykje vind ute, er det best å gjennomføre inne.

 

Variasjon

Konkurranseelementet kan løysast på ulike måtar. Kven kastar lengst? Kven får flyet til å fly lengst mogleg i tid? Kven kjem nærast mogleg det dei tippa på førehand? Kven kjem nærast gjennomsnittslengda til alle kasta?

Det fins oppskrifter eller video på internett som viser korleis ein lagar ulike typar papirfly, som du kan la elevane få nytte dersom du ønsker det.

Forklar elevane om aerodynamikk og korleis det har betydning for eigenskapane til papirflyet. Sjå gjerne ein video om dette temaet før læringsaktiviteten for å gi dei litt fagleg bakgrunn.

Utstyr

A4 ark til alle para/gruppene. Kjegle. Skrivesaker og måleband.

 

Kobling til kompetansemål

 

Populære læringsaktivitetar

Forrige
Forrige

Move, describe and guess

Neste
Neste

Skildre og gjette