Tenn eit bål
1.-10. trinn
Generell
Ute
Hensikt
Ein læringsaktivitet der elevane blir utfordra på å tenne eit bål og diskutere branntrekanten eller faseovergangar
Beskrivelse
Del klassen inn i grupper på 3 – 6 elevar. Vurder om du vil undervise litt om teori rundt tenning av bål, faseovergangar og branntrekanten før du utfordrar elevgruppene til å tenne eit lite bål ute i skulegarden. Be dei diskutere valt tema for økta mens dei samarbeider om å få fyr på bålet (avhengig av alder og kva som er læringsmåla). Kan vere lurt å ha nokre tennbrikettar i bakhand til dei som strevar med å få fyr på bålet sitt, viss ikkje hovudfokuset er å tenne sjølve bålet utan andre hjelpemiddel enn fyrstikker. Etter 7. trinn skal elevane lære om faseovergangar i naturfag og da passar det fint å snakke om det i samband med eit brennande bål. Branntrekanten er også relevant å lære om på mange trinn. Ein kan også be elevane om å skrive ei hypotese knytt til temaet, før dei går ut og skal tenne bål. Så kan ein evaluere hypotesen og jobbe vidare med temaet etter seansen med bålet.
Etter kvart som alle har fått fyr, kan dei samlast rundt båla sine, hyggje seg og snakke om ulike ting. For nokre gjer kanskje bålet at det vert enklare å opne seg og prate om personlege tankar og kjensler. Det er også mogleg å fortelje kvarandre historiar og vitsar rundt bålet.
Variasjon
Gå gjennom aktuell teori i klasserommet og gi elevane spørsmål dei skal diskutere rundt bålet.
Kan vere kjekt å overraske elevane med marshmallow som dei kan grille på bålet dei har laga, som vil gjere stunda rundt bålet enda hyggelegare.
Utstyr
Ved og fyrstikker. Her er det nytta ein pakke med opptenningsved frå Biltema, som var nok til fire små bål for ein heil klasse på 25 elevar.
Alltid populært med litt grilling :)
Kobling til kompetansemål
-
undre seg, stille spørsmål og lage hypoteser og utforske disse for å finne svar
-
utforske faseoverganger og kjemiske reaksjoner og beskrive hva som kjennetegner dem