“Skiskyting”
1.-7. trinn
Matematikk
Inne/ute
Hensikt
Ein læringsaktivitet der elevane blir utfordra på hovudrekning og gangetabellen.
Beskrivelse
“Skiskyting” utan ski og våpen, men denne læringsaktiviteten kan sjølvssagt også nyttast med ski på beina. Del klassen inn i så mange lag som mogleg for å unngå venting (t.d. 2-4 elevar per lag). Lag 1-2 standplassar der elevane skal “skyte” erteposar på blink i form av rokkeringar eller liknande. Det må vere like mange blinkar og sett med erteposar som det er lag (x2 viss du har to standplassar), og ei kjegle ved kvar standplass som markerer strafferunde (ca. 5 m frå blinkane). Held som regel med to erteposar på kvar blink. Bestem ein liten runde i skulegarden der elevane er innom standplass før dei vekslar med nestemann. Forklar runden og reglane godt slik at alle veit kva dei skal gjere. Alt etter kva del av gangetabellen du vil dei skal øva på, så bestemmer du kva poengsum elevane får for kvart treff på kvar av standplassane. Bom med strafferunde kan til dømes gi minuspoeng som også blir ein øving i gangetabellen. Elevane må hugse kor mange treff dei hadde på sin runde, slik at dei kan legge saman å samarbeide om å rekne ut totalsummen når alle på laget har fullført. Hugs å be dei legge erteposane tilbake på plass før dei spring vidare. Dersom erteposen ligg på kanten av ringen så er det rekna som treff.
Variasjon
Kan ev. gi kvart lag noko å notera på (t.d. ei lita whiteboard tavle eller ei kladdebok) for å halde styr på treff/bom og utrekning.
Utfordre elevane med dobling eller halvering av poeng på skot nr. to, eller som ekstraskot viss dei bommar.
Bruk fleire erteposar til kvar blink og be elvane om å nytta brøk til å beskriva kor mange treff dei fekk. Da får dei øving i å summere brøkar når dei skal legge saman alle på laget. Kan også gjere om til prosent eller desimaltal.
Utfordre elevane på rekning med sannsyn i forhold til treff på blinkane.
Utstyr
Rokkeringar som blink og erteposar til å “skyte” med. Kan også bruke snøball viss det er forhold til det. Ei kjegle eller liknande til kvar standplass for å markere strafferunde. Ev. noko som laga kan notere på.
Kobling til kompetansemål
-
utvikle og bruke formålstenlege strategiar for subtraksjon i praktiske situasjonar
utforske og forklare samanhengar mellom addisjon og subtraksjon og bruke det i hovudrekning og problemløysing
utforske multiplikasjon ved teljing
eksperimentere med multiplikasjon og divisjon i kvardagssituasjonar
representere multiplikasjon på ulike måtar og omsetje mellom dei ulike representasjonane
-
utforske og forklare samanhengar mellom dei fire rekneartane og bruke samanhengane formålstenleg i utrekningar
modellere situasjonar frå sin eigen kvardag og forklare tenkjemåtane sine
lage rekneuttrykk til praktiske situasjonar og finne praktiske situasjonar som passar til oppgitte rekneuttrykk
-
utforske og forklare samanhengar mellom brøkar, desimaltal og prosent og bruke det i hovudrekning
beskrive brøk som del av ein heil, som del av ei mengd og som tal på tal linja og vurdere og namngi storleikane
representere brøkar på ulike måtar og omsetje mellom dei ulike representasjonane
utvikle og bruke ulike strategiar for rekning med positive tal og brøk og forklare tenkjemåtane sine
formulere og løyse problem frå eigen kvardag som har med brøk å gjere
diskutere tilfeldigheit og sannsyn i spel og praktiske situasjonar og knyte det til brøk
-
utvikle og bruke formålstenlege strategiar i rekning med brøk, desimaltal og prosent og forklare tenkjemåtane sine
representere og bruke brøk, desimaltal og prosent på ulike måtar og utforske dei matematiske samanhengane mellom desse representasjonsformene