Forme og tolke ord

1.-7. trinn

Norsk

Inne/ute

 
 

Hensikt

Ein læringsaktivitet der elevane blir utfordra på å forme og tolke ord.

Beskrivelse

Del klassen i grupper på 3-5 elevar. I denne læringsaktiviteten samarbeider elevane om å lage ord med utgangspunkt i ein bokstav dei trekker. Ordet kan starte på den bokstaven eller kan ha den bokstaven i seg. Her kan du bruke magnetiske bokstavar, laminerte bokstavar eller erteposar med bokstavar på. Bokstavane trekker dei eit stykke i frå der dei skal jobbe med ordet. Legg ned eller heng opp bokstaven og skriv bokstavane som manglar for å forme det endelege ordet. Etter at ordet er laga, kan dei skrive kva type orde det er (substantiv, verb, adjektiv…) og i kva tid eller form ordet er laga (eintal/fleirtal, ubunden/bunden, infinitiv/presens/preteritum, positiv/komparativ/superlativ..).

 

Variasjon

Kan også forme setningar.

Lag ord til eit tema i andre fag enn norsk, td. samfunnsfag eller RLE.

Orda dei lagar kan henge saman som i “Scrabble”.

Legg inn eit konkurranseelement og gi poeng for kvart ord dei lagar, kor mange bokstavar dei nyttar eller kor mange eigenskapar dei kjem på.

Utstyr

Bokstavar på magnetiske brikker, laminerte bokstavar, bokstavar på lappar, på erteposar eller liknande. Tusjar eller blyantar til å skrive med.

Magnetiske bokstavar.

 

Kobling til kompetansemål

    • utforske og samtale om oppbygningen av og betydningen til ord og uttrykk

    • trekke bokstavlyder sammen til ord under lesing og skriving

    • utforske og formidle tekster gjennom samtale, skriving, lek, bevegelse

    • bruke fagspråk om setningsoppbygning og bøying av verb, substantiv og adjektiv i samtaler om språk og om egne og andres tekster og andre kreative uttrykk

    • bruke fagspråk og kunnskap om ordklasser og setningsoppbygning i samtale om egne og andres tekster

 

Populære læringsaktivitetar

Forrige
Forrige

Kva er klokka?

Neste
Neste

“Skiskyting”