Kva er klokka?
1.-7. trinn
Matematikk
Inne/ute
Hensikt
Ein læringsaktivitet der elevene blir utfordra på analog og digital klokke, samt klokkeslett på norsk og engelsk.
Beskrivelse
Dette er en læringsaktivitet der elevene samarbeider i par eller grupper, og kan gjennomførast på mange ulike måtar i form av hentestafett (på rekke eller inn mot senter i i stor sirkel). Fungere både ute og inne. Kvar elevgruppe får eit brett (laminert ark) på 3 x 3 ruter som viser analog klokke. Elevane hentar brikker fra ein boks eller liknande, som viser digital klokke eller klokkeslett skrive på norsk eller engelsk. Dei samarbeider om å plassere brikka på rett plass på lottobrettet. Lærar vel om elevane hentar brikker ein og ein, halve eller heile gruppa i gongen, og om dei får ta med seg ein eller fleire brikker for kvar tur. Brikkene legg dei oppå kvarandre, slik at dei blir utfordra på å tolke og samanlikne klokkeslett i fleire ulike former. Det ligg ferdig døme på brett og brikker klart til utskrift i fire ulike fargar under vedlegg. Anbefaler å skrive ut i A3 og laminere.
Variasjon
Tilpass enkelt vanskegraden eller om du vil ha ein naturleg progresjon, ved å ta vekk brikkene til engelsk eller digital klokke.
Kan også tilpasse vanskegraden ved å lage andre klokkeslett.
Utstyr
Fire ark/brett (gjerne laminert) med analoge klokkeslett i 3 x 3 ruter, og 9 x 3 brikker til kvart brett i fire ulike fargar. Skriv ut og klipp opp.
Kobling til kompetansemål
-
Forklare korleis ein kan beskrive tid ved hjelp av klokke og kalender
-
Formulere og løyse problem frå eigen kvardag som har med tid å gjere