Fokus!

1.-10. trinn

Generell

Inne/ute

 

Hensikt

Ein læringsaktivitet der elevane blir utfordra på fokus og reaksjonsevne.

Beskrivelse

I denne læringsaktiviteten står elevane mot kvarandre parvis på rekke. Set ei kjegle midt mellom kvart par. Lærar seier ulike komandoar høgt, som til dømes kne, lår, kinn, øyre, hovud, skuldre mm. Elevane skal plassere hendene sine etter det lærarar seier. Bestem eit ord for kjegla. Det kan til dømes vere “pin” som betyr kjegle på engelsk, eller det kan vere eit nøkkelord knytt til eit fag eller emne. Når dette ordet blir sagt, skal elevane prøve å ta kjegla før den andre. Kan dele ut poeng til vinnarane og lage ein konkurranse ut av det eller at det er ny konkurranse for kvar runde. Pass på at dei held litt avstand til kvarandre så dei ikkje stangar hovuda saman.

 
 

Variasjon

Elevane kan enten ta opp kjegla med hendene eller ein kan bestemme at dei skal nytte forten til å føre kjegla mot seg.

Gjennomfør læringsaktiviteten på engelsk eller andre framandspråk for å øve inn nye ord i leiken.

Bruk aktiviteten til øving i namn på kroppsdeler som til dømes hovud, øyre, kinn, nase, hake, skuldre, bryst, mage, lår eller kne.

Utstyr

Kjegler eller andre egna gjenstandar som er enkle å plukke opp.

Kan også bruke papptalerken.

 

Kobling til kompetansemål

 

Populære læringsaktivitetar

Forrige
Forrige

Delingssirkel

Neste
Neste

Kva er klokka?