Egg i fallskjerm

2.-10. trinn

Naturfag

Inne/ute

 
 

Hensikt

Ein læringsaktivitet der elevane blir utfordra på å lage ein konstruksjon som hindrar egget fra å bli knust

Beskrivelse

Denne læringsaktiviteten handlar om gravitasjon og korleis denne krafta får objekt til å falle mot bakken. Utfordre elevane til å lage ein konstruksjon som gjer at dei kan sleppe eit egg frå 3 meters høgde, uten at det knuser. Del elevane i grupper på 2-5 elevar. Legg fram ein del materiell som kan vere nyttig til å lage konstruksjonen, og bestem ein begrensning for kor mykje dei kan ta av dei ulike elementa du har lagt fram. Aktuelt materiell kan til dømes vere: bitar med bobleplast, tape, ark, hyssing, pieperensarar, plastposar mm. vær kreativ. Gi gruppene ein tidsfrist (30-45 min kan vere nok tid) for gjennomføring av slepp frå 3 meters høgde. Dei kan teste ut konstruksjonen sin mens dei utviklar den. Ein del av læringsaktiviteten kan vere at dei lagar ein plan og teiknar ein modell og fordeling av oppgåver før dei startar med å lage konstruksjonen. Da blir det kanskje enklare for gruppene å komme i gang.

 

Utstyr

Bobleplast, tape, ark, hyssing, pieperensarar, plastposar mm vær kreativ.

Kobling til kompetansemål

  • Utforske og beskrive observerbare egenskaper til ulike objekter, materialer og stoffer og sortere etter egenskaper 

  • Stille spørsmål og lage hypoteser om naturfaglige fenomener, identifisere variabler og samle data for å finne svar 

 

Populære læringsaktivitetar

Forrige
Forrige

100-leken

Neste
Neste

Tavlefotball