Kva plante?
1.-7. trinn
Naturfag
Inne/ute
Hensikt
Ein læringsaktivitet der elevane blir utfordra på å kjenne igjen ein plante utan å sjå.
Beskrivelse
Del klassen i grupper på 3-5 elevar eller i par.
Oppsøk skogen eller eit område der ein kan finne dei plantane de vil jobbe med.
Elevane treng litt forkunnskap om plantane og må få sjå, kjenne og lukte (ev. smake) på plantane dei skal lære meir om. Etter kvart som dei har blitt kjent med plantane, så skal ein av elevane i gruppa/paret ta på seg ei blendemaske, knyte eit skjerf eller ha ei hue framfor augene slik at dei ikkje ser. Så vil eleven bli utfordra av dei/den andre til å finne ut kva plante dei får i hendene. Eleven kan få kjenne og lukte på planten for å prøve å finne ut kva det er. Kan også få nokre tips frå dei/den andre i form av farge, storleik og liknande informasjon dersom hen ikkje klarar det utan hjelp. Så byter dei på å kven som blir utfordra.
Variasjon
Kan gå ein tur og samle inn ulike plantar, og gjennomføre aktiviteten i klasserommet. I staden for blendemaske eller bind for augene så kan ein også nytte ei papplate eller ein boks/kasse slik at dei ikkje ser planten.
Utstyr
Tilgang på dei aktuelle plantane. Blendemasker eller skjerf/hue. Kanskje dei treng eit ark med litt informasjon om plantane? Kan gjennomførast på ulike tider av året, og snakke om korleis planten har endra seg etter årstida.
Kobling til kompetansemål
-
oppleve naturen til ulike årstider, reflektere over hvordan naturen er i endring
planlegge og gjennomføre undersøkelser av vær og himmelfenomener og sammenligne målinger, observasjoner og værtegn gjennom året
utforske sansene gjennom lek ute og inne og samtale om hvordan sansene brukes til å samle informasjon
-
undre seg, stille spørsmål og lage hypoteser og utforske disse for å finne svar
-
stille spørsmål og lage hypoteser om naturfaglige fenomener, identifisere variabler og samle data for å finne svar