Fra ord til setning
1.-7. trinn
Norsk
Inne/ute
Hensikt
Ein læringsaktivitet der elevane blir utfordra på å lage setningar med ord fra ulike ordklassar
Beskrivelse
Del klassen i 3-4 grupper.
Legg bokstaverteposar eller laminerte bokstavar i ein haug i midten mellom dei ulike elevgruppene som står 5-10 meter unna.
Kvar gruppe har ei kjegle eller ein rokkering som sitt utgangspunkt og får ein ordklasse dei skal lage ord til, som til dømes; verb, substantiv, adjektiv og ev. pronomen. Halve gruppa i gongen spring inn til bokstavhaugen og leitar etter bokstavane dei treng for å skrive ordet dei ønsker å lage. Den andre delen av gruppa kan diskutere kva ord dei vil lage og spring inn når dei andre kjem tilbake og skal forme ordet dei har valt. Slik held dei fram til det ikkje er att nok bokstavar til å forme fleire ord.
No har alle gruppene mange ord i kvar sin ordklasse. Neste utfordring blir å lage setningar med eitt ord få kvar gruppe. Kor mange setningar klarar dei å lage? Setningane kan dei skrive på skrivebrett, i skrivebok eller på små whiteboardtavler. Når alle har fått laga setningar kan det vere fint med ein felles gjennomgang der kvar gruppe les opp setningane sine.
Variasjon
Etter at setningane er lest opp kan ein køyre ein eller fleire rundar der gruppene byter ordklasse. Kan ha som ein regel at dei prøver å finne andre ord enn dei som er funne til no.
Kan også bruke magnetiske bokstavar på store whiteboardtavler dersom ein har tilgang på slikt utstyr.
Kan også nyttast i engelsk.
Utstyr
Bokstaverteposar, laminerte eller magnetiske bokstavar, rokkering eller kjegle til kvar gruppe, skrivebrett eller liknande og skrivesaker.
Kobling til kompetansemål
-
leke med rim og rytme og lytte ut språklyder og stavelser i ord
trekke bokstavlyder sammen til ord under lesing og skriving
-
utforske og formidle tekster gjennom samtale, skriving, lek, bevegelse og andre kreative uttrykk
beskrive, fortelle og argumentere muntlig og skriftlig og bruke språket på kreative måter
bruke komma og andre skilletegn i tekster
bruke fagspråk om setningsoppbygning og bøying av verb, substantiv og adjektiv i samtaler om språk og om egne og andres tekster
-
leke med språket og prøve ut ulike virkemidler og framstillingsmåter i muntlige og skriftlige tekster
skrive tekster med tydelig struktur og mestre sentrale regler for rettskriving, ordbøying og tegnsetting