Kva hugsar du?
4.-7. trinn
Naturfag
Inne/ute
Hensikt
Ein læringsaktivitet som fremjar samarbeid og diskusjon, og aukar kunnskapen om fysiske og psykiske endringar i puberteten.
Beskrivelse
Del klassen inn i par eller mindre grupper. Heng opp eller legg ut store A3 - ark eller plakatar med ulike tema/ emne, for eksempel fysiske endringar, psykiske/ emosjonelle endringar, hygiene, ernæring, mental helse, sosiale medium og kroppsbilete. Gruppene får 3 – 5 min på kvar plakat og skal snakke om og skrive alt dei hugsar/ kan om kvart tema. Kvar gruppe får ansvar for å presentere ein plakat for resten av klassen. Avslutt med ein felles diskusjon eller oppsummering av kva elevane har lært av kvarandre.
Variasjon
Læringsaktiviteten kan koplast til fleire fag alt etter kva tema/ emne ein har arbeidd med og ønskjer å repetere i klassen. Aktivitetsleiar/ lærar bestemmer kor lang tid gruppene har på kvar plakat. Alle kan bidra med det dei hugsar/ kan om temaet.
Utstyr
A3 – ark/ plakatar, tusjar med ulike fargar
Kobling til kompetansemål
-
Samtale om kva fysisk og psykisk helse er og drøfte korleis livsstil og trivnad påverkar helse
Samtale om likskapar og ulikskapar mellom kjønna, om kjønnsidentitet og om korleis mennesket reproduserer seg
-
Gjere greie for fysiske og psykiske forandringar i puberteten og samtale om korleis dette kan påverke kjensler, handlingar og seksualitet