Algebraisk skattejakt

5. - 10. trinn

Matematikk

Inne/ute

Hensikt

Ein læringsaktivitet der elevane blir utfordra på algebra og likningar gjennom fysisk aktivitet og samarbeid. 

Beskrivelse

Del klassen inn i par eller mindre grupper. Skjul algebraoppgåver rundt i skulegarden eller i klasserommet. Elevane skal finne ei oppgåve og løyse denne, for så å returnere svaret til læraren. Det kan vere å finne x i ei likning eller å finne verdien av eit uttrykk. For kvar oppgåve elevane svarar riktig på, får dei ein bokstav som dei skal hugse til seinare. Når alle oppgåvene er løyst, skal dei setje bokstavane saman til eit løysingsord/ setning. 

 

Variasjon

Læringsaktiviteten har ulike oppgåver etter kva klassetrinn ein underviser. Læringsaktiviteten kan ha ei tidsavgrensing for å auke utfordringa. Læringsaktiviteten kan gjennomførast som ein konkurranse. Læringsaktiviteten kan koplast til fleire fag. 

Utstyr

Laminerte algebraoppgåver, whiteboard og tusj.

 

Kobling til kompetansemål

 

Populære læringsaktivitetar

Forrige
Forrige

Fruktsalat

Neste
Neste

Lesevandring