Geometrisk fangleik
1.-4. trinn
Matematikk
Inne/ute
Hensikt
Ein læringsaktivitet der elevane blir utfordra på geometriske figurar i ein fangeleik.
Beskrivelse
Fangeleiken føregår på eit avgrensa område inne eller ute. Ein eller to elevar får ein vest og skal forsøke å ta dei andre. Dei andre elevane er “freda” om tre går saman og dannar ein sirkel ved å halde kvarandre i hendene. Dei får maks stå saman i ti sekund, før dei igjen kan bli tatt. Dei som blir tatt er ikkje fri igjen før dei får hjelp av to andre elevar til å danne ein rettvinkla trekant.
Variasjon
Bruk andre geometriske figurar som til dømes kvarat, rektangel eller parallellogram og eventuelt fleire elevar til å danne figurane. Kan også utvike leiken ved at læraren gir ei geometrisk oppgåve elevane må løyse for å bli fri igjen.
Til dømes at dei skal doble eller halvere vinklar dei viser med heile kroppen eller hendene.
Utstyr
Nokre vestar eller merkeband for å markere dei som har den.
Kobling til kompetansemål
-
ordne tal, mengder og former ut frå eigenskapar, samanlikne dei og reflektere over om dei kan ordnast på fleire måtar
utforske, teikne og beskrive geometriske figurar frå sitt eige nærmiljø og argumentere for måtar å sortere dei på etter eigenskapar
-
utforske, beskrive og samanlikne eigenskapar ved to- og tredimensjonale figurar ved å bruke vinklar, kantar og hjørne
utforske og beskrive strukturar og mønster i leik og spel