Preposisjoner

1.-4. trinn

Norsk

Inne/ute

Hensikt

Ein læringsaktivitet kor elevane utforskar preposisjonar ved å plassere seg i forhold til eit objekt.

Beskrivelse

Elevane jobbar saman parvis eller i gruppe. Dei skal vise preposisjonar ved å plassere seg i forhold til eit objekt. Det kan til dømes vere ein skrivepult eller ein stol. Ein elev vel ein preposisjon, frå ei liste eller ved å trekke ein lapp, eller kanskje dei kan preposisjonane utanatt. Den andre eleven eller ein elev i gruppa viser døme på preposisjonen med kroppen. Eleven som bestemte preposisjonen eller gruppa, prøver å lage ein setning der dei beskriver det dei ser og nyttar den aktuelle preposisjonen. Døme: Ole sit under bordet. Dette kan også gjennomførast i engelsk eller andre språkfag som til dømes tysk, fransk eller spansk

 

Variasjon

Om du gjennomfører læringsaktiviteten ute så kan det til dømes vere ei huske eller eit leikestativ.

Utstyr

Treng ikkje utstyr.

 

Kobling til kompetansemål

  • Beskrive, fortelle og argumentere muntlig og skriftlig og bruke språket på kreative måter.

 

Populære læringsaktivitetar

Neste
Neste

Klokkeøving